Om Liastølen

OM LIASTØLEN

Tekst av: Solveig Sandberg

STØL OG STØLSLIV


Stølane var budeiene sitt rike. Stellet på stølen var kvinnene sitt ansvarsområde. Fjøsstell, dyrestell og dyrehelse, mjølkestell, foredling og lagring av mjølkeprodukt. Budeia var sumarens hovudperson som forvalta store verdiar.


Kven var budeia? = ei kvinne


• Oftast var ho matmora på garden og hadde med seg ungane på stølen, i alle fall dei yngste ungane. Frå ungane var om lag 10-12 år gamle laut dei vera heime på garden for å hjelpe til der.
• Budeia kunne også vera ei dotter på garden, når ho vart gamal nok
• Ei tante eller ein annan slektning
• Ei innleigd kvinne, ei betrudd tenestejente.

KVIFOR LIASTØLEN?


Frå 1950-åra og fram til i dag har det skjedd ei dramatisk utvikling av Beitostølen. Frå å vera ei stølsgrend med over 20 aktive stølsoppsitjarar, er det i dag ein att. Dette er dessutan dessverre den siste sumaren (2022) han er på stølen med kyrne sine.
For far min, Magnus Sandberg, vart det mellom anna viktig å vie dei siste åra av livet sitt til å bidra til å synleggjere denne kulturen for ettertida. Han ville gjenreise eit typisk stølsanlegg på ein mest muleg sentral stad her på Beitostølen. Han ynskte å setja fokus på Beitostølen som stølsgrend og gje folk høve til å koma i nærkontakt med stølstradisjonen på ein stad som var open for alle, slik at ikkje denne delen av historia vår skulle bli borte.


I år 2000 fekk han kjøpt det gamle Liasælet. Han ynskte at ein skulle ta vare på det og setja det oppatt mest muleg slik det hadde vore og plassere det sentralt slik at det framleis kunne vera med å prege Beitostølen. Difor passa det ypperleg å få leige tomt på Bekkelundjordet. Her var det Gunnar Hauge, son av tidlegare museumsdirektør på Valdres Folkemuseum Eiliv Odde Hauge, som var grunneiegar.


Noko av det arealet som Liastølen ligg på i dag, tilhøyrde Steinar Hovi, men karane var greie og la til rette for eit makebyte, slik at det akkurat vart plass til dagens Liastøl. Den gamle løa er «fødd» her, ho har alltid stått på denne plassen nedst på stølsjordet som tilhøyrde garden Bekkelund i Beito. Hauge hadde i si tid fått kjøpt store deler av dette Bekkelundjordet og bygt seg ei hytte langt oppe på jordet. For far min høvde det godt å setja Liasælet opp ved denne løa på den 1110 kvadratmeter store tomta han fekk leige av Gunnar Hauge.

Flytting av Liasælet 2001
Foto: Magnus Sandberg

Far fekk hjelp av gode, tradisjonsbevisste handverkarar og vener som flytte og bygde opp anlegget frå år 2001 og framover. Nokre karar lafta, andre mura, nokre tekte tak med villheller og atter andre mura steingard, laga skigard, rajegard og anna. Noko av arbeidet vart gjort som kurs, det var praktisk, men òg viktige bidrag i far min sitt ynskje om at dette skulle bli eit kompetansesenter, ein plass der ein kunne lære noko. Lære ved å gjere, saman med dei som kan. «Fjellbygdakademiet» var i startgropa. Gamal kunnskap må haldast i hevd, var eit av far sine mange slagord.


14. juli 2002 sto Liastølen klar til offentleg opning. Då var det lurlått over Beitostølen og taler ved varaordførar og fleire. Etterpå synte Ingvar Hegge og Knut Steinsrud fram lafteteknikk i praksis. Fjellbygdakademiet var eit frittståande tiltak der målet var å bygge opp kompetanse for å betre levemåtane i fjellbygdene. Far fekk til samarbeid med skulane og faglaga i kommunen. Fjellbygdakademiet var eit enkeltmannsforetak, som opphøyrde då far gjekk bort. Sidan har tiltaket gått under namnet Liastølen, men hovudintensjonane var og er framleis dei same. Eg tok over etter far min og held fram med å samarbeida med tradisjonsberarar, handverkarar og lag og organisasjonar i bygda. Etter kvart fekk eg støtte av ein lauseleg organisert venneforening og har heile tida hatt gode medhjelparar.

HAGEN


Arbeidet med fjellhagen kom i gang i 2002 og strekte seg over fleire år.
I 2003 fekk far innvilga søknad om tilskot til etablering av ei plantesamling frå Genressursutvalget for kulturplanter.
Fylkesgartner i Oppland, Karen Inger Aarnes hjelpte Magnus å planlegge hagen på Liastølen. Ho var med og kjøpte inn planter og i fleire somrar var ho her og sette ned planter.
Seinare kom Fjellblom Stauder ved Bente Hermansen inn i biletet. Ho dreiv gartneri på garden Gjæro i Volbu. Bente sette ned planter som ein var trygg på kunne greie seg i dette klimaet.
Hagesenteret Breiseth på Fagernes var også behjelpelege.

Her er det teke vare på planter som var her opprinneleg, samstundes som ein har planta inn andre ville og kultiverte planter. Dei plantene som det var vanleg å ha rundt stølsveggane til bruk i hushaldninga, som krydder, mat og medisin er mest vektlagde, men det er òg planter mest til pryd. Dei besøkande vil kunne oppleva kva for planter som trivst så høgt over havet og kanskje få idear til eige bruk.


Plantesamling pr. 08.09.2003:
Humle, fjellkvann, tepperot, rabarbra, fjellmarikåpe, reinfann, fjellflokk kvit, sisselrot, fjelltjæreblom, istervier, blålyng, fredløs vanlig, eng marikåpe, krusblada reinfann, dvergbjørk, fagerklokke kvit, storhjelm rosa, gul valmuesøster, sibir bakkestjerne, akeleie, kattefot, såpeurt, krusemynte, grønmynte, malurt, rosenmynte, marinøkleblom, nyseryllik, engsalvie, mesterrot, prydkattemynte, storhjelm, ridderspore, graslauk, hagerips, krypende rips, skogskjegg, blodhegg, amerika-hagtorn, ballblom, bitterbergknapp, greplyng, mjølbær, gul gåseblom.

LIASTØLEN - EIN GAMAL STØL I VALDRES


Liastølen er eit døme på ein gamal støl i Valdres. Det var vanleg å ha tre hus på stølen; Sæl – fjøs – løe.

Namnet Liastølen kjem av at stølen tilhøyrde den familien som hadde garden Sørre Lien i Beito. Det var Lien’s støl, på dialekt:


LIASTØLEN. Liastølen ligg no som før på Beitostølen. Alle stølane her hadde kvar sitt namn etter eigarane sine, men dei låg alle på området vi kallar Beitostølen. Eksempel på andre stølar her med særnamn er Bjellbølstølen, Røynestølen og Åsestølen.
Beitostølen er stølsområdet til gardane i bygda Beito. Rett nok har det vore kjøp og sal av stølar her også, slik som i dei fleste stølsgrender. Difor har fleire gardar t.d. i Dale og Skammestein også stølar her.


Liastølen
Foto: Saskia Aleida Van Veen

LIASÆLET


Sælet var hovedhuset på stølen. Liasælet er eit lafta hus bygd på 1700-talet. Furutømmeret som er nytta er av svære dimensjonar. Den eine stokken i vestveggen har eit rotmål på 72 cm. Det er svært sjeldan å finne hus bygde av så grovt tømmer. Tømmerstokkane er halvkløyvningar, det vil seie at dei er kløyvde i to. Fleire av stokkane er bearbeidde i tida 1769 til 1812 og dendrokronologiske

undersøkingar viser også at sælet har nokre stokkar som vart felte vinteren 1816-1817. Laftinga er gjort med firkanta novhovud med halsen i laftestokken sin øvre del. Spesielt er det også at stokkane er høvla på baksida. Det gjer sitt til at romma har eit lyst preg sjølv om vindauga er små.

Liasælet
©Saskia Aleida Van Veen

Opprinneleg hadde huset torvtak, men sidan 2001 har det villheller på taket.
Huset har, no som før, tre rom: eit sæl som er bustadrommet for folk, eit skøt eller skut som er eit mellomrom mellom dei to andre og endeleg ei bu eller ei mjølkebu som var lagerrom for budråtten.
Skøtet eller også kalla skuten utgjer inngangen midt på huset og fungerer som ein gang, der budeia oppbevara vatn og ved. Her kunne nok også budeia i enkelte tilfelle ta inn dyr i dårleg vêr.
Som dørstokkar inn til sælet og mjølkebua har dei som sette opp Liasælet her nytta dørstokkar frå eit stabbur på garden Onstad i Vølbu. Her ser vi tydelege spor etter kniv- eller øksehogg frå når kvinnene hadde vore i bua og henta seg spekekjøt og skore/hogge av eit høveleg stykke til å ta med inn til mat. Eller til å hogge seg opptenningsved.
Til venstre for gangen går ein inn i sjølve sælet som både var kjøken, arbeidsrom, opphaldsrom og soverom for familien om sumaren. I gryta over peisvarmen vart osten til og kinna vart henta fram når smøret skulle kinnast.
På høgre side av gangen ligg bua eller også kalla mjølkebua, der mjølkeprodukta vart oppbevara. Opprinneleg hadde ikkje rommet vindauge, og såleis var det eit kjøleg rom der ost og smør vart lagra på hyller langs veggane.

FJØSET


Fjøset var oftast eit eige hus, men kunne òg vera som ei forlenging av sælet. På Liastølen står no eit eige, rekonstruert lite geitefjøs.
I 2002 vart dette vesle fjøset lafta opp på nytt av gamalt tømmer som far min kjøpte frå eit stabbur på garden Onstad i Vølbu. Fyrst hadde Erling Fuglesteg kjøpt det, så Magne Presthegge som sidan selde det til far min. Fjøset er ikkje innreidd, men har tregolv.


Fjøset
Fjøset
Foto: Solveig Sandberg


Fjøset er huset der dyra vart tekne inn om kvelden og mjølka. Dyra sto og låg i båsar der dei var bundne til veggen med vidjespenning og klave (leikand). Fjøset besto oftast berre av eit rom med inndeling i båsar av skråstilte bord/plankar. Fjøsa var lafta på laftesteinar og hadde torvtak, bordtak eller skifertak. Fjøsa hadde ikkje tetting mellom stokkane noko som bidrog til at det trass alt var nokså luftig der dyra oppheldt seg. Oftast var fjøsa utan vindauge.


Før dyra slapp ut neste morgon, vart dei på nytt mjølka. Heile dagen i all slags vêr var dei så ute og gjorde seg nytte av det gode fjellgraset. Møka som dyra slapp frå seg inne, kom ned i ein skantil, ei slags renne i golvet. Så var det budeia sin jobb å «pynte fjøset» det vil seie å bæra møka ut eller kaste henne ut gjennom ein «mjøkjaglugg» på veggen (eit hol i veggen). Til dette brukte dei ein slags spade av tre (ei trereko). Resten sopa dei saman med sopelime. Ikkje vanleg med glugg i golvet der ein kunne skrape møka ned i ein møkjakjeldar under fjøset, før sist på 1800-talet.

LØE


Nedst på stølsjorda sto til vanleg eit tømra, lite hus med eit ope rom til lagring av turt fôr. (Her på Liastølen ligg dei tre husa tett på kvarandre). Det høyrer med til historia om Liastølen, at far min forplikta seg til å halde denne løa vedlike. Han fekk med seg gode hjelparar, tok ho ned og sette ho oppatt på same plassen. Torvtaket vart erstatta av eit villhelletak.
Gamal bygdetradisjon seier at det var gardbrukaren i Bekkelund, Ole Andrisson Beito (1842-1924) som fyrst timbra opp denne løa. Til henne nytta han det han kunne få tak i nære ved, av osp og gran. Ole vart kalla «Postbergen» fordi han gjekk med posten frå Heggenes til Dale, Skjel og Beito to gonger i veka. Ofte gjekk han visst berrføtt både sommar og vinter.

Løo
©Saskia Aleida Van Veen


Det var utpå 1700-talet at bøndene tok til å gjerde inn eit stølsjorde ved stølen og hauste høy på stølen. Dei spreidde møkka frå fjøset på jordet om hausten og neste vår bidrog den til at graset vaks og kvaliteten på stølsforet var rekna som betre enn høy på heimejorda. Det var kraftig og besto av andre urter og vekster enn heime.
Gjerdet rundt stølsjordet skulle altså bidra til å halde dyra utanfor gjerdet, jordet vart altså ikkje nytta til beite. Her skulle alle strå verta til høy, som vart lagra i løa. Når så vinteren kom og det la seg såpass mykje snø at det gjekk an å kjøre med hest og slede, var det om å gjera å få stølsforet heim før det vart for mykje snø. Dei køyrde oftast fleire karar saman. Ei kortare eller lengre rekkje med hestar med sledar og menn på veg til støls for å hente heim det gode fjellgraset. På vegen dit tok dei seg ofte tid til å lesse på eit lass med bjørk som dei hadde hogd og lagt til rette i skogen. Slik skaffa dei ved til neste sumar på stølen.

KOLGROP OG TJÆREMILE


Ved sidan av Liasælet ligg ei original kolgrop frå 1100-talet. Det er også bygd opp ei tjæremile der det i fleire somrar har vorte brent tjære. Nils J. Lykken og John Magnus Sandberg la bitar av tyrived under ei jerngryte som sto vendt opp ned. Så fyra dei opp kring gryta med ved og etter som temperaturen inne i gryta steig, «dampa» tyrien av seg tjæra.


Det fyrste produktet som rann ut i eit røyr under gryta vert kalla «meisk». Det er ei klar veske som vart nytta bl. a. som medisin og til behandling av skinn og lær. Avrenningsveska vart etter kvart mørkare og tjukkare og den fullverdige tjæra var eit faktum. Det som var att inne i gryta, kunne nyttast som kol.

LIASÆLET SIN HISTORIE FRAM TIL I DAG

Gamle Liasælet
Foto: Nelly Westby Knutsen 1934

Her ser vi det gamle Liasælet på stølen til familien på garden Sørre Lien i Beito. Stølen låg oppe i lia langs det som i dag heiter Øvrevegen ovanfor Kiwi. I dag er det eit hyttefelt her, men framleis kan ein skimte litt av stølsjordet deira der ein ser rester av ei gamal løe. Fotografiet er teke i 1934 og som vi ser, er huset ikkje i bruk lenger. Huset skal då ha vore svært forfalle. Det er sagt at det nesten ikkje hang saman og at pipa berre så vidt sto oppreist.
Men vi kjenner det att, dei store stokkane og vindauget på tverrveggen. Som vanleg var, hadde sælet tidlegare torvtak.
Gardbrukaren i Lien har nok bygd seg eit nytt sæl på stølen sin som var meir formålstenleg enn dette gamle. Men så ville historia det slik at fordi om dette sælet ikkje var til nytte for Lienfolka, så såg andre nytten i det. Tidene var nemleg i ferd med å endra seg, mot slutten av 1930-talet kom det stadig fleire folk til fjellheimen. Turistane var på veg.

Beitostøl Hotel
© O Neste, Fagernes-Utlånt av Jan Gausemel

Kjøpmannen Ola Jøranli, som dreiv landhandel i Skammestein, tok på denne tida også til med turisme på Beitostølen. Han hadde kjøpt det fyrste hotellet på Beitostølen som vi ser til venstre på bildet. Det hadde i 1890-åra fungert som ei «vegbrakke» for vegarbeidarane som bygde vegen frå Bygdin og ned til Mørken. Det låg på utsida av riksvegen ved Bjellbølsstølen. Her etablerte Jøranli det fyrste hotellet på Beitostølen, som vart restaurert og utvida i takt med den aukande turismen.
Jøranli såg også med interesse på det gamle Liasælet. Midt i 1930-åra fekk han kjøpt det for den nette pengesum av kroner 50. Så fekk han byggmeister Kullbråten til å flytte det til hotellområdet hans og setja det opp på ei tomt rett sør før hotellet.

Liasælet brukt i turisme
Foto: Magnus Sandberg 1999

Her er det gamle Liasælet slik det såg ut som hytte ved Beitostøl hotell. Sælet var restaurert med to piper og dei tre romma tente som stove, kjøken og soverom. Jøranli nytta bygget som hytte for gjestene sine. Det er ikkje få feriefolk som i over seksti år har hatt glede av Liasælet. Slik sto det frå sist i 1930-åra til i år 2001.
Då hadde den rivande turistutviklinga på Beitostølen fått pensjonisten Magnus Sandberg frå Heggenes på tanken om at det var viktig å bevare noko av den gamle stølskulturen her. Beitostølen var jo ei levande stølsgrend med om lag 20 aktive stølar til langt ut i 1960-70 åra. Han meinte at det var essensielt at dette ikkje skulle gå i gløymeboka. Stølskulturen burde framleis vera med å prege Beitostølen, meinte han. Såleis såg han at dersom han kunne bidra til å gje eit gamalt stølstun ein sentral plass på Beitostølen, ville det kunne vera som ein link til fortida og bidra til at folk i dag ville bli oppmerksame på korleis det var her før.
Magnus kjøpte Liasælet av dåverande eigar Fjellservice Eigendom AS v/Svein Olsen i år 2000. Både Øystre Slidre Kommune og Oppland Fylkeskommune tilrådde flytting. Sælet hadde ikkje vore i bruk på mange år og var nærast nedgrodd der det sto. Som før nemnt, fekk Magnus leigd ei høveleg ny tomt til Liasælet midt i sentrum av

Beitostølen. Nedst på det opprinnelege stølsjordet til garden Bekkelund sto den gamle løa dei hadde hatt. No var både den og jordet i eiga til Gunnar Odde Hauge som hadde hytte lenger oppe på jordet. Magnus og Gunnar vart einige om ei leigeavtale og i 2001 vart Liasælet nedteke og flytt til den nye tomta ved Bekkelundløa. Takk vere iherdige pensjonistar fekk Beitostølen no eit levande minne om kultur og tradisjonar frå gamal tid, sentralt plassert i turiststaden.